Dette bildet er frå 17. mai-toget på veg til Torshall på Tornes i 1971. Dei som går fremst i toget er året før blitt ungdomsskoleelevar, slik var tradisjonen. Langs venstre vegkant går tre av lærarinnene som sto for den første skolegangen vår på Løseth skole: Frå venstre Jorunn Drejer, Oddbjørg Aarønæs og Kari Drejer. No er to av dei borte: Kari og Oddbjørg.
Ved Oddbjørgs død står særleg lærargjerninga hennar tydeleg fram. Å vere lærar var ei oppgåve ho tok med stort alvor. Men det var også denne oppgåva ho truleg likte aller best. I klasserommet opplevde vi meir enn læring: Vi blei sett. Oddbjørg var til stades for oss. Ho var tydeleg oppteken av at timane skulle vere gode. Somme kunne ved første møte oppfatte henne som streng, men det handla meir om at ho var engasjert. Vi skulle både lære noko og kjenne at nokon brydde seg, og i timane til Oddbjørg var det hennar oppgåve å sjå til at begge delar skjedde. Den målretta omtanken gjorde oss også trygge i resten av skolekvardagen. Lærarane på Tornes sørgde for at årskulla deira fekk ein god start. Mange ser tilbake på sine første skoleår med Oddbjørg som ei veldig fin tid.
Blikket for andre, og særleg ungar, var med henne heile livet. Oddbjørg og Lars Helge han døydde for litt over eit år sidan var til stades for barnebarna, opptekne også av at dei skulle få både dagleg omsorg og nyttig kunnskap.
Eit av Oddbjørgs eigne rom i tilværet var kjøkkenhagen på Sjøgløtt, som vi naboar på Solstrand såg henne stelle med i allslags vêr. Å få vere mykje ute og røre seg var viktig. Dei siste åra tok ho fleire daglege spaserturar ned til sjøen, iført gåstavar og med katten etter, halen i veret.
I dag er vi takksame for alle dei gode minna etter Oddbjørg.
Randi Olette, Sigrid, Lars og Synnøve Aarønæs
Takker for utallige gode minner fra barne og ungomsåra, da jeg var nærmest fast inventar i Sjøgløtt. En sjeldent snill mor, dyktig og godt likt lærer og generelt et veldig godt menneske.
Liz-Tone Thorstensen med familie 2021-01-25Kirkens Nødhjelp
Takk for mange gode stunder sammen. Spesielt rundt matbordet på Sjøgløtt og i blomsterhagen. Din Trøndersodd med "pærra og auka" vil aldri glemmes, ei heller ditt store hjerte og varme omsorg.